Olav Arild Barsnes

Olav A

Teknolog, pedagog, illustratør, innovatør, kampsportutøvar, musikar og måneskinsbonde.

Med ein slags medfødt livsfilosofi om at spesialisering er for dei nervesvake, er underteikna ein dedikert mangesyslar. Det sentrale i det meste eg føretek meg er kreativitet, å skape noko nytt, gjerne knytta opp mot formidling. Eit anna stikkord er teamarbeid. Eg er heldig og har alltid hatt mange dyktige kollegaer rundt meg. Men eg likar også å jobbe på eigahand, slik eg gjer i føretaket mitt Barsnes grafisk produksjon.
Eg jobbar til dagen med ungdommar i alderen 15-19, men har i mange år instruert Taekwondo for born i aldersgruppa 5 år og oppover.

Arbeidserfaring

Vidareutdanningar og kurs

Utdanning

Referanseprosjekt

Olav A karikatur

Det me har jobba ein del med i det siste på skulen er såkalla "dashboard-system", der me har kombinert mykje ulikt utstyr og mange ulike datakjelder (bilete frå overvakingskamera, temperaturar frå ulike sensorar, signal frå mikrokontrollar, data frå json-filer, etc), og laga visning av dette med html/CSS ved å kombinere ulike programmeringsspråk som Powershell, PHP, Javascript, Python m.m. Her er to døme:

Eg underviser ellers i heile bredda av faget vårt (datatryggleik, serverdrift, ROS-analysar, programmering, robotstyring, backup, etc), og har 3d-printar, solceller på taket og oppvarming av huset heime med fjordvarme, mest fordi det er interessant å sjå korleis ting verkar. Men også avdi eg har tru på at me som har moglegheit til det, må tenkje bærekraft.

Som illustratør har eg gjort mykje ulikt, som de kan sjå her: Eg er ellers glad i å byggje ting, alt frå bygningar og buldrerom til små modellar, og gjerne noko som innbefattar teknologi.

Interesser

På privaten er eg styreleiar og instruktør i Sogndal IL Taekwondo og spelar trommer i det aldrande boybandet Infidels